About this role
Har du lyst å vere ein del av eit natteam der du utfører sjukepleieroppgåver både ute i kommunen og inne på institusjon?I natt teamet jobbar det 4 tilsette saman kvar natt. Teamet bestend av to sjukepleiarar og to helsefagarbeider.
Den eine sjukepleiaren er stasjonert i Bø i lokala til omsorgsbustader knytt til sjukeheimen. Denne sjukepleiaren skal ikkje ha fast arbeidsliste på natt, men ha fokus på sjukepleieoppgåvene, som til dømes terminal pleie, antibiotika intravenøst, sjukepleieprosedyrer, akutte hendingar og liknande. To pleiarar handterer oppdraga som er ute i distriktet som ligg innunder heimetenesta og vedtak dei har. Feks medikamentshandtering, tryggleiksalarmar og liknande, og ein jobbar i heildøgnsbemanna omsorgsbustader.
Stillingane er med arbeid tredje kvar helg.
Heimetenesta har årsturnus som gir god oversikt og fleksibel arbeidskvardag.Ei vanleg nattevakt som sjukepleiar/vernepleiar på natt kan sjå slik ut: Arbeidsoppgåvene er som regel både spennande og overkommeleg, men ein veit aldri kva natta kan bringa fram av oppgåver til oss. Har nokon falt? Treng nokon antibiotika intravenøst? Er det ein PVK som trengs å bytast? Skjer det ei akutt hending? Har me nokon som er i den siste fasen av livet? Kanskje det er ein pårørande som treng nokon å snakka med? Oppgåvene kan vera mange og varierte.
Ingen natt er lik.
Du må derfor bruka den faglege kompetansen din for å omprioritera og vera løysingsorientert for å utføra helsehjelpa forsvarleg. Det blir forventa at man jobbar effektivt og målretta og at man har pasientens beste som fokus. Kva er viktig for pasienten er visjon vi jobbar med.Om du i tillegg er god på sjukepleiefaget og har stort fokus på prosedyrer, dokumentasjon, tiltak og mål så håper vi verkeleg at du søker hos oss.