Now hiring

Lege i spesialisering @ Helse Bergen HF, Medisinsk klinikk

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Medisinsk klinikk, Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig to stillingar for lege i spesialisering i indremedisin, med moglegheit for spesialisering innan våre øvrige hovudspesialitetar; blodsjukdommar, endokrinologi, fordøyelsessjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar og nyresjukdommar. Stillinga er ledig frå 01.03.2027.Vi tilbyr spesialistutdanning som dekker heile utdanningsløpet i alle spesialitetane. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.

Klinikken har eigne seksjonar for blodsjukdommar, fordøyelsessjukdommar, hormonsjukdommar, geriatri, infeksjonssjukdommar, nyresjukdommar, klinisk ernæringsfysiologi, sosionomtenester, kontortenester og forsking. Klinikken har ansvar for diagnostikk og behandling av pasientar med eit breitt spekter av indremedisinske tilstandar og har fem sengepostar med 71 senger, mellom dei 12 overvakingssenger til våre ulike pasientkategoriar. Klinikken har vel 650 tilsette, har 5500 døgnopphald, mest øyeblikkeleg hjelp, og driv i tillegg ei stor poliklinisk verksemd med meir enn 80.000 konsultasjonar kvart år.

Klinikken har eiga dialyseavdeling med 15.000 dialysar årleg og stor gastroenterologisk endoskopisk og ultrasonografisk verksemd. Saman med Klinisk Institutt 1 og 2, Universitetet i Bergen, har klinikken ei stor forskingsverksemd.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores