Now hiring

Prosjektleiar formidlingsarbeid @ Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]

Ørsta, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ørsta vidaregåande skule søkjer ein engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar til eit tidsavgrensa utviklingsprosjekt finansiert gjennom Samfunnskontrakten for fleire læreplassar. Prosjektet varer til juli 2029. Søre Sunnmøre har eit variert og framtidsretta arbeidsliv med stort behov for dyktige fagarbeidarar. Samstundes veit vi at gode overgangar mellom ungdomsskule, vidaregåande opplæring og arbeidsliv er avgjerande for at fleire ungdomar skal finne rett utdanningsveg, få læreplass og fullføre fag- og yrkesopplæringa.

Målet med prosjektet er å utvikle ein meir heilskapleg modell for karriererettleiing og overgangsarbeid frå 8. trinn og fram til fagbrev. Gjennom å styrkje samanhengen mellom skule og arbeidsliv vil vi at fleire elevar tek gode utdanningsval, blir kvalifiserte for læreplass og får ein god overgang til arbeidslivet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i utvikling av framtidas yrkesfaglege opplæring på Søre Sunnmøre, og skal vere med å lage system for å bidra til at rett elev finn rett plass i skulen og seinare læreplass i arbeidslivet.

Stillinga vil vere sentral i utviklinga av skulen sitt formidlingsarbeid. Prosjektleiar vil fungere som eit bindeledd mellom ungdomsskular, vidaregåande skule, bedrifter, kommunale arbeidsplassar, opplæringskontor og Opplæring i bedrift.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores