Now hiring

Lærar/rådgjevar ved Ressurssenter Søre Sunnmøre, vidaregåande opplæring for vaksne @ Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]

ØrstaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ressurssenteret Søre Sunnmøre er lokalisert ved Ørsta vidaregåande skule, og tilbyr vidaregåande opplæring for vaksne innan yrkesfag. Tilbodet for vaksne er i dag kvalifisering til fagbrev innan helse- og oppvekstfag og teknologi- og industrifag. Deltakarane kjem frå heile Søre Sunnmøre og det er dette skuleåret 110 deltakarar tilknytta senteret. Ein av våre tilsette går ut i permisjon. Vi har difor ledig eit vikariat i 100% stilling, i eit år, med gode moglegheiter for andre oppgåver/andre stillingar vidare. Ressurssenteret Søre Sunnmøre vart starta opp 1.2.2025, og er framleis under utvikling. Stillinga vi no lyser har vore svært sentral i ressurssenterdrifta. I delar av stillinga vil ein få ansvar for undervisning innan modulstrukturert opplæring for vaksne i modulen norsk- og samfunnskunnskap. I stillinga ligg også varierte oppgåver knytt til rettleiing for dei vaksne, formidlingsarbeid, fagdokumentasjon og andre administrative oppgåver saman med leiar for Ressurssenteret.Du må like å arbeide utadretta, og kunne kommunisere godt med ungdomar og vaksne elevar med ulik bakgrunn, med andre tilsette ved skulen, og med eksterne samarbeidspartnarar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores