About this role
Regional sikkerheitsavdeling har ledig 2 faste 20% helgestillingar. Regional sikkerheitsavdeling er ein av sengepostane i Klinikk sikkerheitspsykiatri.I sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp. Vi arbeider i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi og fysisk aktivitet. Vil du vere med å skape endring der andre ser utfordringar? For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke.