About this role
Er du interessert i grensesnittet mellom politikk og administrasjon? Politisk sekretariat speler ei sentral rolle i å leggja til rette for politiske prosessar og avgjerder, og koordinerer samarbeidet mellom administrasjonen og dei folkevalde. Me søkjer no ein dyktig og engasjert fagansvarleg som kan videreutvikla dette arbeidet.Me treng deg som er utviklingsorientert og kan sjå på fagfeltet med nytt blikk. Som fagansvarleg i politisk sekretariat vil du jobba tett med både kommunedirektør, kommunalsjefar, ordførar og politikarar.
Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar kvalitetsutvikling, saksbehandling, administrering av politiske møte, ansvar for digitale løysingar og valgjennomføring . Du vil få ei sentral rolle i arbeidet med å styrkja lokaldemokratiet i kommunen.Me søkjer deg som er samfunnsengasjert, som kan handtera eit breitt fagfelt, og som trivst i ein hektisk arbeidskvardag. Politisk sekretariat har to tilsette, og stillinga ligg i avdeling for kommunikasjon, politikk og næring. Kommunikasjonssjef er næraste leiar.