About this role
Vil du vera med å utvikla Klepp kommune som arbeidsgivar?HR-avdelinga i Klepp kommune søkjer no etter to nye medarbeidarar Hos oss får du arbeide breitt innan HR-faget og vere med på å utvikle framtidas arbeidsgivarpolitikk. Du vil få ei sentral rolle i arbeidet med leiarstøtte, kompetanseutvikling, IA-arbeid,HMS, lærlingordninga og vidareutvikling av Dossier som kommunen sitt verktøy for læring og kompetansestyring.Vi søkjer deg som trivst med å arbeide tett på både leiarar og medarbeidarar, og som ønskjer å bidra til gode tenester gjennom profesjonell HR-støtte og utviklingsarbeid.