About this role
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering (ANRR) ved Førde sentralsjukehus søkjer LIS3 nevrologi. Fast 100 % stilling som LIS3 frå 01.02.2027, med moglegheit for fleksibel oppstart i periode januar til mars 2027Vikariat 100 % som LIS3 med snarleg oppstart etter avtale til 30.08.2027Vikariat 100 % som LIS3 i perioden 15.02.2027 til 03.05.2027Om seksjonenLegane i seksjonen er organiserte under Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR).Hovudoppgåva er å yte spesialisthelsetenester til pasientar med nevrologiske sjukdomar.
Avdelinga har sengepost, slageining, poliklinikk med laboratorium for klinisk nevrofysiologi, EEG-laboratorium. Vi har også fagsjukepleiarar innan epilepsi, Parkinsons sjukdom, slag, hjernekreft og MS. Nevrologisk avdeling i Helse Førde har fagavtale med Nevrologisk avdeling og Nevrokirurgisk avdeling ved Haukeland universitetssykehus for delar av spesialiseringsløpet. Utdanningsplan for LIS3 i nevrologi i Helse Førde finn du her: UtdanningsplanEit fagmiljø i utviklingHelse Førde er inne i eit omfattande og spennande utviklingsarbeid.
Vi har ein ny og moderne sengepost med einerom til alle pasientar og gode arbeidsforhold for dei tilsette. Vi arbeider kontinuerleg med utvikling og forbetring av både tenestene og organiseringa. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av faggrupper og avdelingar. Alle LIS i Helse Førde har tilbod om grupperettleiing på tvers av avdelingane.VestlandslegenHelse Førde er ein del av satsinga Vestlandslegen, der medisinstudentar frå Universitetet i Bergen skal ha dei tre siste åra av utdanninga desentralisert ved Helse Førde.
Dei første studentane kjem til Førde hausten 2028. For LIS3 gir dette på sikt moglegheit for deltaking i undervisning og fagleg utviklingsarbeid, i eit miljø med tett klinisk oppfølging og brei pasientkontakt. Les meir her: VestlandslegenVi ser fram til å motta søknaden din!