About this role
Laboratorieavdelingane ved Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2027.Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer ein spennande sommarjobb i laboratorietenesta. Praktisk informasjonFerievikariat gjeld for perioden 01.06.2027 - 15.08.2027, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.
Dei som vert tilsett i sommarjobb, kan også få tilbod om ekstraarbeid i samband med høgtider og andre ferieperiodar.Om ossHelse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka, Vi legg til rette for at medarbeidarane våre skal trivast, utvikle seg og yte sitt beste. Bli med oss!
Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Vi har fleire sosiale aktivitetar gjennom året og ønskjer alltid nye kollegaer velkomne. Dette er ei felles utlysing for: Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)Mikrobiologisk avdeling Avdeling for patologi Har du ønske om å arbeide ved eitt bestemt laboratorium, kan du opplyse om dette i søknaden. Vi vil så langt det er mogleg ta omsyn til ønsket ditt, men vi kan ikkje garantere plass ved eit bestemt laboratorium. Vi håpar du vil søkje og bli ein del av arbeidsmiljøet vårt!