About this role
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Kristiansund? Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk. Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Les meir om Kristiansund her: VISIT KRISTIANSUND