About this role
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Molde? Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke? Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.Vi har ledig vikariat ut 2027 i 100% stilling som tannlege ved Molde kompetanseklinikk.
Molde kompetanseklinikk er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar, og har 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 10 tannhelsesekretærar. Klinikken har i tillegg også spesialistar i oralkirurgi og oralprotetikk og psykolog i tverrfagleg behandlarteam TOO. Les meir om Molde her: Visit Molde