Now hiring

JOBBKONSULENT i 80%-100% stilling @ KVITO AS

NO094, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

KVITO SØKJER JOBBKONSULENT (80--100 %) Arbeidsområde: Vinje og Kviteseid -- med mogleg arbeid i heile Vest‑Telemark Oppstart: 1 januar 2027 ellers snarast råd og varigheita er fram til nov 2027.

Søknadsfrist: 15. nov 2026 Kvito har mykje spanande på gang -- og no treng vi ein ny medarbeidar som brenn for arbeidsinkludering og ungdom. Vi ser etter deg som trivst i møte med menneske, som ser moglegheiter der andre ser hinder, og som ønskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell.

Arbeidsoppgåver I denne rolla vil du vere ein viktig støttespelar for ungdom og vaksne som treng hjelp til å finne sin veg inn i arbeidslivet. Du vil mellom anna: kartleggje ressursar, interesser og moglegheiter gjennomføre karriererettleiing bidra til utvikling av arbeidsevne og meistring samarbeide tett med NAV, næringslivet og andre samarbeidspartnarar skreddarsy oppfølging og tiltak for kvar enkelt deltakar vere ein trygg og tydeleg rettleiar for ungdom i sårbare overgangar Ønska kvalifikasjonar Vi ser etter deg som har: god munnleg og skriftleg framstillingsevne helse‑, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning frå høgskule/universitet arbeidsinkluderingskompetanse og/eller relevant erfaring interesse og kompetanse innan IT og digitale løysingar brei erfaring frå arbeid med ungdom gode samarbeidsevner og sterk relasjonskompetanse Personlege eigenskapar, engasjement og evne til å skape tillit vil bli vektlagt.

Vi oppmodar menn til å søkje.

Du må disponere eigen bil.

Vi ser etter deg som er løysingsorientert, fleksibel og sjølvstendig trivst med å jobbe både ute i felt og på kontor har eit ekte engasjement for menneske og arbeidsinkludering likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo og mykje ansvar Vi kan tilby grundig opplæring og tett fagleg støtte ein meiningsfull og variert arbeidskvardag stor moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og innhald i jobben eit inkluderande og godt arbeidsmiljø gode velferdsordningar løn etter avtale Ved tilsetjing må det leggjast fram politiattest, jf. § 21 i arbeidsmarknadslova.

Vikariatet kan bli gjort om til fast.

Arbeidsstad Vest‑Telemark, med hovudvekt på Vinje og Kviteseid.

Kontakt For spørsmål om stillinga: Torbjørn Blichfeldt Dyrland , dagleg leiar E‑post: [email protected] Telefon: 932 61 670 Slik søkjer du Send søknad og CV til: [email protected] Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Om arbeidsgiveren: Om oss Kvito As er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Vest-Telemark. Vi bygger på lang erfaring frå dei tidlegare bedriftene Vinje Vekst, Vito Kompetanse og Kviteseid Arbeidssamvirke, som i 2012 fusjonerte og blei til Kvito AS. Vi har avdelingar i Vinje, Kviteseid, Tokke, Nissedal og Fyresdal. Frå 01 januar 2023 blei vi også ein del av Kopano som er ei landsdekkjande kjede av leiande arbeids og inkluderings bedrifter i Noreg. Gjennom våre ulike tiltak ynskjer vi å vera ei bru til arbeidslivet, i nært samarbeid med den enkelte jobbsøkjar, NAV og næringslivet.

Skills

IT

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores