About this role
Vi søker etter ein allsidig person som både er praktisk og kan bistå våre VTA-tilsette på ulike områder med tilrettelegging av arbeidskvardagen. Stillingsbenevnelsen er tilretteleggjar. Hva vi ser etter Vi ser etter eit omstillingsdyktig menneskje som kan jobbe på fleire ulike lokasjonar. Det er viktig at du trivst med fysisk arbeid og likar å jobbe utandørs om det er behov for dette. Fagbrev innanfor ulike yrkesfag kan være ein fordel då vi jobbar med kvalifisering og kompetanseheving av blant anna ungdom. Arbeidsoppgaver Tilretteleggjar VTA til våre produksjonsavdelingar. Vikariat 1 år. Kvito sin visjon er "Arbeidsglede" og vårt verdi-grunnlag er tillit, toleranse og tryggleik. Før tilsetting må det kunne framleggas politiattest. Hovudoppgåver Kvito as tilbyr menneske med ulike behov ein tilrettelagt arbeidsplass. Stillinga har som hovudansvar å tilretteleggje arbeidsoppgåver for våre VTA-tilsette i bedrifta, slik at dei opplever utvikling og meistring. I dette ligg at du har ansvar for utforming av arbeidsplassen slik at våre VTA-tilsette kan utføre arbeidsoppgåvene. Tilretteleggjar har også ansvar for å sørge for eit godt arbeidsmiljø og kvalitet i tenestene. Kvalifikasjonskrav Praktiske ferdigheiter/erfaring vil vektleggast Gode samarbeidsevner Evne og erfaring med å arbeide med ei variert gruppe av menneskjer med ulike behov og ferdigheits nivå Krav til sertifikat klasse B Ønskeleg med sertifikat klasse T og truckførarbevis. Stor fordel med kjennskap til digitale samhandlingsverktøy. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Stor fordel med kjennskap/erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid Vi tilbyr Ein krevjande, men spannande og meiningsfull jobb. Inkluderande arbeidsmiljø Gode påverkingsmoglegheiter God pensjonsordning Lønn etter avtale Gode moglegheiter for kompetanseheving og etterutdanning Moglegheiter til forlenging og fast jobb Om arbeidsgiveren: Kvito As er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Vest-Telemark. Vi bygger på lang erfaring frå dei tidlegare bedriftene Vinje Vekst, Vito Kompetanse og Kviteseid Arbeidssamvirke, som i 2012 fusjonerte og blei til Kvito AS. Vi har avdelingar i Vinje, Kviteseid, Tokke, Nissedal og Fyresdal. Frå 01 januar 2023 blei vi også ein del av Kopano som er ei landsdekkjande kjede av leiande arbeids og inkluderings bedrifter i Noreg. Gjennom våre ulike tiltak ynskjer vi å vera ei bru til arbeidslivet, i nært samarbeid med den enkelte jobbsøkjar, NAV og næringslivet.