About this role
Vil du skape magiske læringsaugneblink i klasserommet og ute i naturen? Træet skule søkjer lærar! Er du ein engasjert og hjartevarm pedagog som brenn for læring og trivsel hos elevane? Træet skule har ledig eit vikariat i 50 % stilling med varigheit ut mars 2027, med moglegheit for forlenging , og vi leitar etter deg som vil gjere ein skilnad! Hos oss blir du ein del av eit raust og sosialt kollegium som heiar på kvarandre, deler erfaringar og støttar kvarandre i kvardagen. Vi har eit sterkt fokus på godt nærvær og eit inkluderande arbeidsmiljø der du raskt vil kjenne deg heime.