About this role
Nesttun klinikkområde har ledig ei 100 % fast stilling som tannpleiar, med arbeidsstad ved Nesttun og Austevoll tannklinikkar. Stillinga er i utgangspunktet fordelt med 40 % ved Nesttun tannklinikk og 60 % ved Austevoll tannklinikk, men vi er opne for å diskutere ei anna fordeling ut frå søkjaren sine ønskje og klinikkane sine behov.
Stillinga er ledig frå 17. januar 2027.Nesttun tannklinikkNesttun tannklinikk er en flott tannklinikk med 13 behandlingsrom. Det er bybanestopp like ved tannklinikken.
Vi behandlar hovudsakleg prioriterte pasientgrupper. Austevoll tannklinikkAustevoll tannklinikk er ein triveleg og veletablert tannklinikk med eit nært og inkluderande fagmiljø. Her arbeider to tannlegar, ein tannpleiar og to tannhelsesekretærar. Klinikken tilbyr ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid mellom kollegaer og god kontakt med pasientane. Vi behandlar i hovudsak prioriterte pasientgrupper og legg vekt på god pasientbehandling, fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.
Austevoll har ferjesamband til fastlandet. For søkjarar som bur utanfor Austevoll, vil det vere ein fordel å disponere bil, då kollektivtilbodet ikkje er tilpassa arbeids- og ferjetidene. Om den offentlege tannhelsetenestaVestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar, og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.