Now hiring

PPT søkjer engasjert rådgjevar @ Vestland fylkeskommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom i Ullensvang og Sunnhordland? Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne. Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og kontor ved dei vidaregåande skulane i vårt område. Vi har ledig 100% fast stilling innan PPT med kontorstad på Stord.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores