About this role
Vil du ha ein jobb med ansvar, sjølvstende og direkte betydning for pasientane si helseteneste? Vi har no ledig ei fast 100 % stilling som operatør på sjuketransportbil med oppstartsområde i Molde/SNR.Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal har ansvar for bil- og båtambulanse, luftambulanse, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113) og pasientreiser. Seksjon for pasientreiser har ansvar for å leggje til rette for pasienttransporten i Møre og Romsdal, og er ein viktig del av pasientforløpet i helsetenesta. Helse Møre og Romsdal har etablert éinmannsbetjente sjuketransportbilar som utfører lettare ambulanseoppdrag.
Tenesta er retta mot pasientar som ikkje har behov for overvaking eller medisinsk behandling under transporten, og bidreg til ei effektiv utnytting av dei prehospitale ressursane. Som operatør på sjuketransportbil får du ein sjølvstendig og variert arbeidskvardag, der du møter pasientar i ulike livssituasjonar og bidreg til trygg og omsorgsfull transport til og frå behandling og oppfølging. Arbeidstida er for tida 4 dagar/veka 8.40-18.00 på kvardagar, med skiftande vekefridag. Velkomen som søkjar til ei viktig og meiningsfull rolle i den prehospitale tenesta!