About this role
Vil du vere med på laget vårt? Vi har ledig vikariat for klinisk sosionom/barnevernspedagog med erfaring frå arbeid med barn i alderen 6-18 år og familiane deira. Vikariatet er ledig fram til 1. november 2027. Oppstart etter avtale. Søkjarar som ikkje er ferdig med, eller ikkje har starta med si kliniske utdanning, er også velkomne til å søkje. Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP), og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.
Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining Ålesund. BUP i Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Våre tilsette på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. Vi har blant anna eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes OCD, TF-CBT, FBT.
Vi har også eige nevroteam med eigen ADHD sykepleiar. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve. Dersom du synest dette høyrast spennande ut, og du tenkjar du har relevant kompetanse, så ønskjer vi å kome i kontakt med deg!