About this role
Vi søkjer ferievikarar til sengepostane ved Psykiatrisk klinikk i Førde i perioden 15.06.2027 - 09.08.2027Sengepostane våre: Akutt døgnPSK SikkerheitDPS døgn allmennDPS døgn psykose Tilsetjingsperioden er åtte veker. Opplys i søknaden: Kva veker du kan arbeide dersom du ikkje kan arbeide heile periodenKva sengepost du ønskjer å arbeide vedDokumentasjon på utdanning og praksisAkutt døgn har 15 sengeplassar og er ein lukka, akuttpsykiatrisk sengepost. Vårt opptaksområde er hovudsakleg "gamle" Sogn og Fjordane.
Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har akuttberedskap heile døgnet. Akutt døgn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Søkjer du ein variert og spennande arbeidskvardag med eit triveleg arbeidsmiljø, så er dette avdelinga for deg.PSK Sikkerheit har 3 døgnplassar og er ein lukka sengepost for personar med alvorleg sinnsliding og voldsproblematikk. I tillegg til å yte psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å vurdere og handtere risiko for vald.
Vårt mål er å gi pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samtidig som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapautisk rehabilitering blir vektlagt. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein utfordrande og givande arbeidskvardag i eit støttande og ivaretakande arbeidsmiljø.DPS døgn allmenn har 14 døgnplassar og er ein åpen distriktpsykiatrisk post som i hovudsak behandlar menneske med mellom anna depresjonar, bipolare lidingar, angstlidingar, psykosar og eteforstyrringar.
Hovudoppgåva er utgreiing og behandling med fokus på miljøterapi. DPS døgn allmenn tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Posten er tverrfagleg samansett og har eit aktivt, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø.DPS døgn psykose har 9 døgnplassar og er ein åpen spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø.