About this role
Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus søkjer ein medisinstudent med lisens for sommaren 2027. Arbeidsperiode: 14.06.2027 - 15.08.2027.Vi søkjer medisinstudent med lisens som har interesse for, og gjerne erfaring innan, oftalmologi. Augeavdelinga har ni legestillingar, der fire er LIS-stillingar, i tillegg til optikar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet innan alle delar av augefaget, samt betydeleg kirurgisk aktivitet. Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø. Vi ber om at eventuelle ønskje om ferie i arbeidsperioden blir opplyste i søknaden.