About this role
Fastlege / ALIS til Selje legekontorØnskjer du ei trygg og god inngang til allmennmedisin? Stad kommune tilbyr stilling som ALIS (Allmennlege i spesialisering) med tett oppfølging, gode rammevilkår og eit sterkt fagmiljø. Vi søkjer no fastlege til Selje legekontor, og både ALIS-legar og spesialistar i allmennmedisin er velkomne til å søkje. Vi ønskjer også søknadar frå legar som er interesserte i vikariat både til Selje og Eid legekontor. Stad kommune har dei siste åra arbeidd målretta for å redusere arbeidsbelastninga og skape ein betre arbeidskvardag for fastlegane våre. Vi ønskjer å utvikle legetenesta vidare i tett samarbeid med legane, og søkjer deg som vil vere med på laget.
- Listelengd på heimlane i Selje er mellom 800 og 900 pasientar, kommunen er opne for å opprette ein fjerde heimel i Selje .Kvifor velje Stad kommune?
- Tilrettelagt ALIS-løp med rettleiing og gode utdanningsvilkårIngen goodwill eller kostnader ved overtaking av heimelForsterka 8.2-avtale med gode økonomiske ordningarSterkt fagmiljø med kollegaer ved to legekontorModerne kontor med kommunalt finansierte lokale, utstyr og hjelpepersonellGode moglegheiter for fagleg utvikling og kommunale bistillingarOm legetenestaStad kommune har to kommunalt drivne legekontor og 13 fastlegeheimlar.
- Ti fastlegar og éin LIS1-lege held til ved Eid legekontor, medan dei øvrige heimlane er ved Selje legekontor.
- Fastlegane er sjølvstendig næringsdrivande, og det er ingen kostnader knytt til overtaking av heimel (ingen goodwill).
- Alle legane har forsterka 8.2-avtale, der kommunen held lokale, medisinsk utstyr og hjelpepersonell.
- Gjennom avtalen er legane sikra:økonomisk kompensasjon ved inntil 16 dagar fråvær grunna eigen eller barns sjukdomøkonomisk kompensasjon for inntil 10 kursdagar per årgodtgjersle for daglegevakterspesialistar i allmennmedisin får utbetalt 35 % av basistilskotet, medan ALIS-legar disponerer 15 %.
- Resterande del av basistilskotet går til kommunen som del av finansieringa av ordninga.
Legevakt og kommunale oppgåverDen kommunale daglegevakta måndag til fredag kl. 08.00–16.00 vert fordelt mellom legane. Kveld-, natt- og helgevakt er organisert gjennom interkommunal legevakt ved Nordfjord sjukehus. Vaktbelastninga er om lag tre vakter per månad, med vaktlengde på inntil ni timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunal legevakt. Legevakta er alltid bemanna med to sjukepleiarar, og fem kommunale ØHD-sengeplassar er samlokaliserte med legevakta. Det kan òg vere aktuelt med kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.
Fagmiljø og utdanningLegekontoret nyttar journalsystemet Infodoc frå EG.På Nordfjordeid ligg Nordfjord sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, distriktspsykiatrisk senter med døgntilbod og regional ruspost. Sjukehuset tilbyr også institusjonsteneste for ALIS-legar etter gjeldande utdanningsordning. Enten du er på veg inn i allmennmedisinen eller er erfaren spesialist, tilbyr Stad kommune eit inkluderande kollegium, solide rammer og moglegheita til å vere med og utvikle framtidas fastlegeteneste.