Now hiring

Sjukepleiar i heimetenesta avd. Nordfjordeid @ Stad kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste? Vi søkjer etter akkurat deg!

Heimetenesta har ledig 100 % fast stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i todelt turnus frå snarast i avdeling Nordfjordeid. Ved arbeid i avdelinga vil turnusen din bestå av arbeid både i ambulerande heimeteneste og sjukepleiarfaglege tenester til bebuarar i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like. Sjukepleiarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi, jobbar for kontinuerleg forbetring og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.

Kvifor velje oss? Du får oppleve kor verdifullt det er å arbeide med heimebasert omsorg. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samstundes som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar. Hos oss får du brukt din sjukepleiarkompetanse der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse blir brukt på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear verdsetjast .Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.

Stad kommune tilbyr 30.000 kroner over tariff i rekrutteringstillegg. Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen og gir dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.

Er du i sluttfasen av sjukepleiestudiet? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos oss.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores