About this role
Er DU vår nye kollega? Ved døgnseksjonen i Ålesund har vi ledig 100% vikariat som Lege i spesialisering 2/3, lege før turnus/medisinstudent med lisens frå 01.01.27 til 31.08.27.Vi søkjer deg som ønskjer å lære meir om barne- og ungdomspsykiatri og vere ein del av eit fagleg godt fellesskap.
Vi kan tilby spennande og meningsfulle arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar.
Avdeling Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon i Ålesund. Døgnseksjonen er samlokaliser med poliklinikken i Ålesund.
Døgnseksjonen har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi tek imot pasientar med psykiske lidingar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved sidan av ei tverrfagleg samansett miljøterapeutgruppe, jobber det i dag 2 overleger, 1 psykologspesialist og 1 psykolog på døgnseksjonen. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.