Now hiring

Metoderettleiar @ Nav

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du trua på at alle som vil, kan få og behalde jobb, gitt riktig jobbmatch og jobbstøtte? Vil du utgjere ein forskjell for menneske som ønsker deltakelse i arbeidslivet? Då kan dette vere jobben for deg!

Vi i region vest søker metoderettleiar til vårt regionale team, Arbeid med støtte. Som metoderettleiar har du ansvar for den faglege oppfølgingen av fem dyktige jobbspesialistar. Teamet følgjer opp deltakarar både frå Askøy og Øygarden, primært deltakarar under 30 år. Som metoderettleiar deltar du i metoderettleiarnettverket i regionen og i videreutvikling av vårt fagmiljø.

Jobben er spennande, med stor fridom i arbeidskvardagen og arbeid etter den anerkjende metoden Supported Employment. Som metoderettleiar må du vere eit godt forbilde for teamet, ha særleg kompetanse innan Supported Employment og eiga erfaring frå arbeid etter metoden. Du har også ansvar for din eigen portefølje med deltakarar.

Din viktigaste arbeidsplass er ute blant folk. Meir enn 40 prosent av arbeidstida di skal nyttast ute i næringslivet, saman med eller på vegne av deltakarane. Du skal etablere kontakt med arbeidsgivarar, bygge relasjonar og identifisere moglegheiter for arbeid og utdanning.

Nav Askøy og Nav Øygarden utgjer Nav region vest, med omlag 140 tilsette i regionen. Du blir del av ei regional avdeling saman med marknad, tiltak og jobbspesialistar. Stillinga er organisert ved Nav Askøy, men du må arbeide frå både Nav Askøy og Nav Øygarden kvar veke. Nav Askøy er lokalisert på Kleppestø senter, Nav Øygarden sentralt på Straume. Vi har aktivitetsbaserte arbeidsplassar i begge kontor, med høgt fokus på eit godt arbeidsmiljø og fleire ulike sosiale aktivitetar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores