About this role
Vi søker deg som ønsker å bidra til gode tenester og til NAV sitt viktige samfunnsoppdrag.
- Vår controller går av med pensjon, og ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har vi ledig ei fast 100% stilling som controllar med driftsoppgåver.Du treng ikkje ha lang erfaring for å vere aktuell.
- Har du relevant utdanning innan økonomi og administrasjon, interesse for økonomistyring, analyse og verksemdsstyring, legg vi til rette for nødvendig opplæring og utvikling.
- Som controllar blir du ein viktig støttespelar for leiarane våre.
- Du vil arbeide med budsjett, prognosar, rapportering og analysar.
- Stillinga omfattar òg oppgåver innan innkjøp, fakturahandtering, avtaleoppfølging og ulike administrative og driftsrelaterte oppgåver.
- Gjennom deltaking i nasjonale fagnettverk får du samarbeide med kollegaer frå heile landet og bidra til utvikling, læring og deling av erfaringar.Du blir ein del av rådgjevingsavdelinga og får ein variert arbeidskvardag med stor innsikt i verksemda vår og tett samarbeid med både leiarar og kollegaer.NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 36 tilsette og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og høg fagleg kompetanse.
Saman arbeider vi for å gi brukarar, kommunar og samarbeidspartnarar gode tenester og løysingar som fremjar meistring, deltaking og sjølvstende.NAV Hjelpemiddelsentral er eit ressurs- og kompetansesenter for hjelpemiddel og tilrettelegging. Vi er ein del av NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging, med om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.