Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig stilling som sjukepleiar, 70 % vikariat ved Kirurgiske poliklinikker SNR!Ønskjer du ei spennande sjukepleiarstilling der du får kombinere sjølvstendig poliklinisk arbeid med tverrfagleg samarbeid og akuttmedisinske utfordringar? Stillinga omfattar arbeid ved osteoporosepoliklinikken på dagtid, og arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken i akuttmottaket.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort fagleg ansvar og eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, trivsel og godt humør. Litt om stillinga: På dagtid vil du arbeide ved osteoporosepoliklinikken, der målet er å førebyggje nye brot og sikre god utgreiing og behandling av pasientar med osteoporose. Poliklinikken blir driven sjølvstendig av sjukepleiarar i tett samarbeid med ortopedar og andre fagmiljø. Arbeidsoppgåvene omfattar: Eigne pasientkonsultasjonarRettleiing og oppfølging av pasientarGjennomføring av infusjonsbehandlingSamhandling med aktuelle faggrupperSkadepoliklinikken i akuttmottaketStillinga inkluderer også arbeid kvar tredje helg ved skadepoliklinikken. Her møter du pasientar med brot- og skadeproblematikk, i tillegg til andre kirurgiske og ortopediske problemstillingar. Arbeidet skjer i tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og gir ein variert og spennande arbeidskvardag.

Kvifor velje oss? Hos oss får du: Ein variert arbeidskvardag med brei pasientkontaktHøg grad av fagleg sjølvstendeEit sterkt tverrfagleg samarbeidMoglegheit til fagleg utviklingEit godt og inkluderande arbeidsmiljøBli med på laget! Vil du vere med og bidra til trygg, kunnskapsbasert og framtidsretta pasientbehandling? Då ønskjer vi å høyre frå deg.Tilsetjing etter avtale med leiar. Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores