About this role
Barne- og ungdomsavdelinga, poliklinikken, har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar med oppstart snarast. Poliklinikken tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av barn og ungdom i alderen 0–18 år innan fleire pediatriske fagområde. Vi følgjer opp pasientar med både akutte og langvarige helseutfordringar, og har eit sterkt fokus på kvalitet, pasientmedverknad og gode pasientforløp. Som sjukepleiar ved poliklinikken får du ein variert arbeidskvardag med høg grad av sjølvstende, tett samarbeid med legar og andre faggrupper, og moglegheit til å bidra til vidareutvikling av fag og tenester.
Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og personar med utviklingshemming). Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månader.
- Dersom det blir intern tilsetjing, kan det bli ledig eit vikariat i turnus.
- Vi ber søkjarane opplyse i søknaden om dei også ønskjer å bli vurderte for eit eventuelt vikariat.