Now hiring

Fast stilling psykisk helse- og rusteneste @ Vestre Slidre kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vestre Slidre kommune har ledig fast 80% stilling i psykisk helse- og rusteneste Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg! I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjons- og skulehelseteneste, familierettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus.

Tenesta består av fire tilsette i til saman 3,7 årsverk. Stillinga er ledig frå 01.07.2027. Dersom det skjer endringar i tenesta, kan stillinga bli ledig på eit tidlegare tidspunkt. Stillinga er delt mellom arbeid som barne- og ungdomslos og klinisk arbeid med vaksne pasientar. Som barne- og ungdomslos vil du ha kontorplass ved Vestre Slidre skule og arbeide tett på elevar, føresette og skulen sitt personale. Den resterande delen av stillinga er knytt til oppfølging av vaksne personar i tenesta.

Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, moglegheiter til fagleg utvikling og høve til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores