About this role
Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune har eit ledig vikariat i 100 % stilling med snarleg oppstart og fram til 31.12.2027, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetting. Er du ein engasjert fagperson og ynskjer å vere del av eit fagmiljø der du kan gjere ein positiv skilnad? Vi søker deg som ynskjer varierte barnevernfaglege oppgåver i eit miljø med erfarne tilsette som er opptatt av utvikling, samarbeid og med eit høgt fagleg fokus! Opplysningar om arbeidsstaden og stillinga:Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre kommune er ei interkommunal teneste der Vestre Slidre er vertskommune. Tenesta består av 8,1 årsverk og har godt utdanna og engasjerte fagfolk. Tenesta er organisert under avdelinga Familie, helse og førebygging. Barneverntenesta har fokus på å tilby tiltak for barn, unge og familiar der dei bur og vi har fokus på korleis vi organiserer tenesta for å sikre kvalitet og effektivitet i sakshandsaminga. Det vert lagt vekt på tverrfagleg samarbeid med andre tenester. Tenesta jobbar etter generalistmodellen, som omfattar oppgåver knytt til mottak, akuttarbeid, undersøking, hjelpetiltak, omsorgstiltak/fosterheim og ettervern. Du får difor ein variert kvardag og brei erfaring som barnevernkonsulent.