About this role
Det blir ledig eit årsvikariat for lege i spesialisering (LIS3) ved vår spennande avdeling i perioden frå 10.11.2026 og 12 månader framover. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariatet.LIS frå andre helseregionar kan òg søke stillinga som ein del av arbeidet med å oppnå naudsynte læringsmål innan spesialiteten augesjukdommar. Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytt til Universitetet i Bergen, og forskings- og utviklingsarbeid står sentralt i verksemda vår. Avdelinga har stor breidd i tenestetilbodet sitt, og vi greier ut og behandlar alle typar augesjukdommar.
Avdelinga har sengepost i Klinikk for hovud og hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining samt operasjonsavdeling. Sengeposten har seks døgnplassar. Her er det både planlagde innleggingar og øyeblikkeleg hjelp-innleggingar. Vikariatet kan telje som ein del av spesialistutdanninga innan augesjukdommar. Ved rekruttering og tilsetjing vil vi ha eit langsiktig perspektiv for å bygge ei fagleg sterk og robust augeavdeling for framtida