Now hiring

Seksjonsleiar @ Helse Bergen HF, Øyeavdelingen

BERGENOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du leie der syn møter framtid? Vi søker Seksjonsleiar til Augeavdelinga, Poliklinikk. Vi ser etter deg som vil meir enn å drifte – du vil utvikle, inspirere og sette retning. I Augeavdelinga skjer det mykje spennande. Teknologi, pasientbehandling og arbeidsmetodar er i stadig utvikling, og nå søker vi ein seksjonsleiar som vil vere med å forme framtidas poliklinikk – saman med eit sterkt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar.Som seksjonsleiar får du ein sentral og synleg rolle i ein poliklinikk med høg aktivitet og stor betydning for pasientene våre. Du er bindeleddet mellom medarbeidarane, fag og drift, og har ansvar for å skape gode rammer for både kvalitet i behandlinga og effektiv organisering av kvardagen.I denne rolla kombinerer du operativ leiing med utviklingsarbeid – du sørge for at den daglege drifta fungerer godt, samtidig som du driv forbetring og bidrar til å vidareutvikle tenestene våre. Du vil jobbe tett med dyktige fagpersonar, og vere ein pådrivar for samarbeid, gode pasientforløp og eit arbeidsmiljø prega av trivsel og fagleg stoltheit. Du vil ha med deg tre assisterande seksjonsleiarar med ansvar for ulike deler av drifta i poliklinikken. Som ein del av avdelinga si leiargruppe får du også moglegheit til å påverke strategiske beslutningar og retninga vidare for Augeavdelinga.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores