About this role
Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar til ei spennande stilling i hjartet av digitaliseringsarbeidet i kommunen, som rådgjevar i informasjonssikkerheit i fast 60% stilling. Stillinga er organisert under kommunedirektøren sin stab i fagområdet organisasjonsutvikling og digitalisering. Fagområdet er leia av fagleiar. Samfunnet og kommunen si rolle er i stadig utvikling, der vi i framtida mellom anna må nytte kunstig intelligens (KI) innan stadig nye fagområde.
Som utviklar og forvaltar av store verdiar, må informasjonssikkerheit og personvern vere i fokus. I stillinga vil ein mellom anna ha eit særleg ansvar for oppgåver og system relatert til dette, samt opplæring av tilsette og leiarar i system og lovverk. Ein har eit nært samarbeid med e-kommune Sunnmøre som driftar kommunen sine IT-system. Ein må også bidra aktivt inn i utviklingsprosjekt der fagtenestene i kommunen tek i bruk eller endrar sine digitale system, samt tilretteleggje og gje faglege råd i avgjerdsprosessar.
Digitalisering og utviklingsarbeid skal i Haram kommune skape meirverdi og gje gevinst. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.