About this role
Haram kommune søker etter bibliotekmedarbeidar i 5 % fast stilling med arbeid anna kvar laurdag. Biblioteka i Haram består av Brattvåg bibliotek, Eidet bibliotek, Lepsøy bibliotek, Haramsøy bibliotek og Longva bibliotek. Arbeidsplass blir i hovudsak for tida på Eidet bibliotek. Haramsbiblioteka har seks tilsette. Alle tilsette utfører skrankearbeid, hjelper besøkande, følger opp bestillingar, utlån og innlevering. Alle hjelper også til ved planlegging og gjennomføring av arrangement.
I tillegg kan andre oppgåver påreknast. Vi er omstillingsdyktige og opptekne av utvikling. Målet vårt er at biblioteka skal vere stader for folkeopplysning og livslang læring. Samtidig bidreg vi til å redusere einsemd og forskjellar i samfunnet ved å vere ein gratis møteplass for alle.På Haramsbiblioteka møtast folk på tvers av alder, kjønn, utdanning, demografi og etnisitet. I tillegg til rettleiing, tilbyr vi innbyggarane ulike arrangement, som til dømes barnehage- og skulebesøk, forfattarbesøk, seniortreff og babytreff.
Haramsbiblioteka satsar på både det fysiske og det digitale biblioteket. Dersom du er glad i både menneske og litteratur, har vi trua på at du er den rette søkaren. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode. Velkomen som søkar.