Now hiring

Tilkallingsvikarar for sjukepleiarar og sjukepleiarstudentar @ Helse Møre og Romsdal HF

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst på ein spennande og lærerik ekstrajobb? Er du sjukepleiarstudent og ønskjer å jobbe ved sida av studia? Eller er du sjukepleiar som ønskjer å prøve noko nytt? Kanskje nevrologi er fagområdet for deg? Sengepost Nevrologi søkjer sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar som ønskjer å vere tilkallingsvikarar hos oss. Som tilkallingsvikar kan du arbeide når vi har behov for deg, og når det passar for deg. Det kan òg bli aktuelt med ei fast helgevaktsavtale. Sengepost Nevrologi er ein spennande seksjon med fagområda generell nevrologi og hjerneslag.

Her tek vi imot pasientar både til planlagde innleggingar og som augeblikkeleg hjelp. Det nevrologiske fagområdet har fylkesdekkjande funksjon, og det går føre seg mykje spanande forsking innan fleire av fagområda våre. Hos oss får du god opplæring og tett oppfølging. Du vil arbeide i team saman med erfarne sjukepleiarar og få moglegheit til å utvikle fagkunnskap og praktiske ferdigheiter i eit lærerikt og engasjert arbeidsmiljø.

Vil du sjå kven vi er? Ta gjerne ein titt på Instagram-kontoen vår: @sengepostnevrologi_snrVi ser fram til å bli kjende med deg! 😊

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores