About this role
Er du ergoterapeut og kan starte på kort varsel? Ålesund sjukehus treng deg til fagleg spennande arbeid! Vi har behov for ein autorisert ergoterapeut i 100 % mellombels vikariat ved Ålesund sjukehus, med oppstart snarast mogleg og varigheit til og med 31.12.2026.Det kan også vere aktuelt å tilsetje i delar av stillinga. Vi oppmodar derfor interesserte til å søkje, sjølv om dei ikkje har høve til å arbeide i 100 % stilling. Stillinga er organisert under Seksjon for kliniske støttefunksjonar og er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling. Her vil du arbeide med kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar.Du får ein variert arbeidskvardag med sjølvstendig fagleg ansvar, tett tverrfagleg samarbeid og gode ergoterapikollegaer å støtte deg på.Nødvendig opplæring vil bli gitt.Vi ser etter deg som: Er autorisert ergoterapeutKan starte på kort varselTrivst med sjølvstendig arbeid og tverrfagleg samarbeidAktuelt for deg? Vi vurderer søknader, gjennomfører intervju og tilset fortløpande. Ta gjerne direkte kontakt dersom du er interessert eller ønskjer meir informasjon! Vi håpar å høyre frå deg!