About this role
Noregs domstolar er den tredje statsmakt og samfunnets fremste konfliktløysar. Domstolane treff avgjerder som betyr mykje for både enkeltmenneske og samfunnet. Dersom ditt faglege engasjement spenner over både landmåling og jordskiftefag, kan stilling som overingeniør/teknisk utgreiar i jordskifteretten vere interessant for deg.
Møre og Romsdal jordskifterett er ein av landets største jordskifterettar og har i dag 19 tilsette fordelt på tre rettsstadar (Ørsta, Molde og Surnadal). Vi har ledig ei fast 100% stilling som overingeniør/teknisk utgreiar for ein dyktig og engasjert kandidat. Nyutdanna kandidatar er særleg velkomne til å søkje. Jordskiftesoknet omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Rindal kommune i Trøndelag. Arbeidsplassen for denne stillinga er Surnadal.På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre kollegaer i jordskiftedomstolane presenterer stillingane sine.