Now hiring

Saksbehandlar @ Møre og Romsdal jordskifterett

ØrstaOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du arbeide som saksbehandlar i ein jordskifterett? Hjå oss får du ansvar for eigne oppgåver, samtidig som du arbeider tett saman med fagleg sterke kollegaer med eit stort engasjement for domstolane. Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedommar, organiserer felles bruk av eigedommar, klargjer rettsforhold og grenser til fast eigedom, og ei rekke skjønn. Du kan lese meir på www.domstol.no/jordskifterettene. Som saksbehandlar får du arbeide med eit breitt spekter av oppgåver, som å førebu, leggje til rette for og etterbehandle saker i nært samarbeid med jordskiftedommarane. I løpet av arbeidsdagen har du kontakt med partar, advokatar og andre profesjonelle aktørar. Di rolle er viktig og du bidreg til at sakene blir gjennomførte på ein effektiv og profesjonell måte til beste for brukarane av jordskifteretten. Her er ingen dag lik, og din innsats er heilt nødvendig for at vi kan gjennomføre rettsakene. Sjå korleis tilsette i jordskifteretten presenterer stillingane sine på www.domstol.no/no/jobb-i-domstolene/jordskifterettene.Møre og Romsdal jordskifterett har rettsstadar i Ørsta, Molde og Surnadal og denne stillinga er knytt til rettsstaden i Ørsta. Domstolen blir leia av ein domstolleiar og har i dag seks jordskiftedommarar, ein dommarfullmektig, åtte tekniske utgreiarar og tre saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Møre og Romsdal jordskifterett dekkjer alle kommunane i Møre og Romsdal samt Rindal kommune i Trøndelag.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores