About this role
Bli med på laget som oralkirurg ved ØNH og kjevekirurgi SNR!Vil du arbeide i eit moderne sjukehus med høg fagleg kompetanse, godt tverrfagleg samarbeid og stor påverknad på eigen arbeidskvardag?
Då kan dette vere stillinga for deg.ØNH og kjevekirurgi ved SNR har ledig vikariat for oralkirurg i 50–100 % stilling frå 4. januar 2027 til 17. oktober 2027.
Arbeidsstaden er det nye, toppmoderne sjukehuset på Hjelset.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med tett samarbeid mellom kjevekirurgi og øyre-, nase- og halsfaget.
Vi legg til rette for god pasientbehandling gjennom nært samarbeid, korte beslutningsvegar og høg fagleg kvalitet.
Stillinga er organisert med arbeid på dagtid utan vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi er opptekne av fleksibilitet og vil så langt det er mogleg leggje til rette for arbeidstid, pendling og bustadløysingar.