About this role
Avdeling for sjukehuspsykiatri tilbyr nye og spanande utfordringar i eit dynamisk og godt fagmiljø i merkantilt team.Vi har ledig eit 100% vikariat i perioden 01.12.26- 31.01.28Avdeling for sjukehuspsykiatri er lokalisert ved Ålesund sjukehus. Avdelinga består av 6 seksjonar: Lokal sikkerhetspsykiatri, Akutt psykisk helse, Psykose, Allmennpsykiatri, Alderspsykiatri og Spesialisert Habilitering. Vi er ei avdeling med ulike arbeidsfelt innan psykiatrien, der vi både har ein akuttfunksjon, og har planlagte behandlingsforløp.Du vil verte ein del av et felles team som skal bidra til å løyse og dele faglege utfordringar i felleskap til beste for hele avdelinga.
Stillinga er for tida knytt til Allmennpsykiatri, men med tett samarbeid med dei andre sekretærane. Allmennpsykiatri er ein open akuttpost med 14 sengeplassar. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinetenesta.