About this role
Ulstein kommune har ledig eit driftstilskot med opptrappingsavtale frå 01.01.2027 ved Ulstein Fysioterapisenter AS. Driftstilskotet skal overførast gradvis frå 50% ved oppstart til 100% seinast innan 31.12.2029 . Det vert laga ein bindande nedtrappingsplan. Ulstein Fysioterapisenter AS har totalt fire driftstilskot. Det er eit ynskje frå senteret at ny avtalefysioterapeut skal kjøpe seg inn i Ulstein Fysioterapisenter AS. Senteret eig lokala dei driftar i, og lokala ligg i sentrum av Ulsteinvik og blei oppussa i 2022 ved innflytting.
Lokala legg godt til rette for god drift. I tillegg til senteret er det to kommunalt tilsette fysioterapeutar og to andre avtalefysioterapeutar i kommunen. Ved tildeling av driftsheimelen blir det lagt vekt på den søkjaren som etter ei samla vurdering er best skikka. Det vil bli vurdert ut frå saklege kriteria som fagleg kompetanse og erfaring, samarbeidsevne, og at søkjaren er eigna og evnar å drive privat praksis. Tildeling vil skje i samsvar med ASA 4313.
Arbeidsoppgåver Praksisen skal drivast etter helse og omsorgstenestelova og anna relevant helselovging og på vilkår i frå ASA 4313 Kunnskapsbastert fysioterapi i tråd med planar, prioriteringar og utfordringar i den kommunale helse og omsorgstenesta Allmenn fysioterapi, individuelt og i grupper Heilskapleg tenking i møte med pasientar Rettleiing i eigenmestring og fysisk aktivitet Kvalifikasjonar Fysioterapeut med norsk autorisasjon Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Tilfredstillande politiattest Kompetanse og erfaring i kunnskapsbasert vurdering, behandling og oppfølging av eit bredt spekter av pasientar Kompetanse og erfaring innan aktiv habilitering og rehabilitering Det er ynskjeleg med erfaring frå privat praksis Det er ynskjeleg med vidareutdanning, gjerne i psykomotorisk fysioterapi eller barne- og ungdomsfysioterapi Personlege eigenskapar Du kan jobbe etter kjerneverdiane i Ulstein kommune: Nyskaping, omsorg, rausheit og mangfald Du kan arbeide sjølvstendig, er strukturert og har gode samarbeidsevner Det blir lagt vekt på evne til å vere med på å utvikle gode fysioterapitenestar for innbyggjarane Vi tilbyr God pasienttilgang Utfordrande arbeidsoppgåver i eit aktivt fagleg miljø med dyktige og positive kollegaer Gode lokale med eigna treningsutstyr Romslege kontorlokale, oppkopla mot Norsk Helsenett KontaktinformasjonInger Lise Kaldhol, Leiar for legetenesta, 481 81 541 Kristin Vik, Kommunalsjef, 950 56 613 Mariann Topphol, Avtalefysioterapeut i utlyst driftstilskot, 977 90 710 Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse og omsorgsetaten Referansenr.: 5195702753 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 17.11.2026 Om arbeidsgiveren: Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik.
Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.