About this role
Vi har frå dags dato ledig eit 100% vikariat i ei lita avdeling med få brukarar. VI ser etter deg som har relevant høgskuleutdanning, og ønsker å jobbe i bustad for menneske med utviklingshemming. Vikariatet er ledig til 16.januar 2028. I denne avdelinga må dei tilsette arbeide langvakter på 14 timar, og det er arbeid 3.kvar helg. Arbeidsoppgåver Hjelpe til med daglege aktivitetar og gjeremål. Ta kontakt med einingsleiar for meir detaljert informasjon om arbeidsoppgåvene. Kvalifikasjonar Autorisasjon som vernepleiar eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Førarkort klasse B Tilfredsstillande politiattest Personlege eigenskapar Vi søker deg som Er trygg og fleksibel Kommuniserer tydeleg og godt Kan jobbe godt sjølvstendig og i team Er initiativrik og løysingsorientert Er god til å samarbeide med brukarar, pårørande og kollegaer Er roleg og trygg i utfordrande situasjonar Bidreg til trivsel på arbeidsplassen Er fleksibel og villig til å arbeide på andre avdelingar ved behov Du lærer lett nye arbeidsmetodar og har teknisk innsikt Personleg eigenskapar vert vektlagde. Vi tilbyr Regulerte løns- og avtalevilkår Eit godt tverrfagleg miljø med mange dyktige kollegaer Aktiv bruk av moderne velferdsteknologi Turnus med 14. timers langvakter Mulighet for kompetanseheving og kursing Gode pensjons- og forsikringsvilkår KontaktinformasjonMarlen Breivik Kristensen, Einingsleiar 2, +47 98230612 ArbeidsstadHolsekerdalen 20 6065 ULSTEINVIK Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse og omsorgsetaten Referansenr.: 5186043021 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 19.10.2026 Sluttdato: 16.01.2028 Søknadsfrist: 12.10.2026 Om arbeidsgiveren: Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.