About this role
Tenesta for psykisk helse og rus er organisert under helse og koordinerande eining i sektor for velferd. Stillinga vi har ledig er eit vikariat i inntil 100 prosent stilling med varigheit på seks månader. Vi ønskjer at du kan starte snarast, og det kan vere mogleg at vikariatet vert forlenga. Jobben er knytt til samtaleoppfølging, gruppetilbod, kursverksemd og anna relevant arbeid. Vi ønskjer at du kan bidra positivt inn i eininga, og vere med på å oppretthalde kontinuitet og kvalitet i tenestene. Arbeidsoppgåver miljøterapeutisk arbeid på gruppe- og individnivå kartlegging, støttesamtalar og rettleiing tett tverrfagleg samarbeid i kommunen og med eksterne samarbeidspartnarar rapportering og dokumentasjon delta på ansvarsgruppemøte og samarbeidsmøte bidra i ulike lågterskeltilbod delta i utviklingsarbeid KvalifikasjonarFor å bli vurdert for stillinga må du som hovudregel ha treårig høgskuleutdanning innan til dømes sjukepleie, barnevern, psykologi, vernepleie eller sosialt arbeid. Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus vil bli vektlagt. Anna relevant fagutdanning eller relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.Personlege eigenskapar imøtekomande og med evne til å skape tillit og gode relasjonar god ansvarsforståing, kommunikasjonskompetanse og samarbeidsevne du må vere trygg på deg sjølv og i stand til å handtere utfordrande situasjonar vi verdset at du er omsorgsfull, sjølvdriven og løysingsorientert evne til å arbeide sjølvstendig og i team gode kommunikasjonsevner i norsk, både skriftleg og munnleg personlege eigenskapar vil bli vektlagde Du må ha førarkort klasse B. Før du tek til i stillinga, må du leggje fram politiattest av ny dato. Vi tilbyr ein triveleg og spanande arbeidsfellesskap med fagleg dyktige kollegaer varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg utvikling løn etter gjeldande tariffavtale Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Attestar og vitnemål skal lastast opp og leggjast ved søknaden. Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lover, reglement og avtaleverk. Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsetjingar. I samsvar med offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du ønskjer reservasjonsrett, må dette grunngivast i søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal førast opp på søkjarlista. Du vil i så fall bli kontakta før offentleggjering. KontaktinformasjonPerdis Holstad, Einingsleiar, +47 95891281 ArbeidsstadTeigevegen 55 6060 HAREID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommune Referansenr.: 5156497211 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 28.10.2026 Om arbeidsgiveren: GODE TENESTER - GLADE TILSETTE Hareid kommune har om lag 5 300 innbyggjarar og rundt 500 tilsette. Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenestene våre er avhengig av kompetanse, engasjement og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid står i sentrum for all service- og tenesteyting. Inkludering og mangfald er ein styrke for kommunen. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Praktisk informasjon Alle søkjarar blir førte opp på den offentlege søkjarlista. Du kan be om å bli unnateken frå offentleggjering. For å få innvilga dette må det liggje føre særlege grunnar, jf. offentleglova § 25. For stillingar der det er krav om politiattest, må gyldig politiattest av ny dato leggjast fram før tiltreding. Attestar, vitnemål og annan relevant dokumentasjon skal lastast opp saman med søknaden i Webcruiter. Vi oppmodar søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning som er gjennomført utanfor Noreg, må vere godkjend av HK-dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse), og godkjenninga må dokumenterast. Jobbe hjå oss - Hareid kommune