About this role
Vi har dyktige tilsette som har blitt eller skal bli pensjonistar og har difor ledig faste stillingar som helsefagarbeidar på bu- og korttidseininga og skjerma eining. Vi har også ledig fast stilling som helsefagarbeidar på natt i bu- og korttidseininga, og sjukevikariat som helsefagarbeidar på natt i skjerma eining. Stillingane varierer i storleik, og har alle for tida arbeid kvar tredje helg. Vi tilpassar stillingsstorleik til behov og ønske. Oppgje kva du ønsker i søknaden. Bu- og korttidseininga er ei ny eining med både korttids- og langtidspasientar. Vi er i ei spennande omstillingsfase, og vi ønsker medarbeidarar som er fleksible og positive til endringar. Skjerma eining er i hovudsak langtidseining for personar med langtkomen demenssjukdom, men har også korttidsopphald. Vi jobbar tett på pasientane for å skape tryggheit og stabilitet gjennom døgnet Arbeidsoppgåver sikre at tenester utøvast på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak pleie - og omsorgsoppgåver til pasientar i sjukeheim ta medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS bruke velferdsteknologi i dagleg arbeid delta i kvalitetsutvikling av einingane Kvalifikasjonar Du har autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar kan medikamenthandtering meistrar bruk av elektronisk pasientjournal og velferdsteknologi må kunne arbeide turnus beherskar norsk godt, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Vi ønskjer medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte. Du må vere fagleg oppdatert, viser respekt og vere raus i møte med pasientar, pårørande og kollegaer. Du arbeider godt både sjølvstendig og i team, klarer å prioritere og har gjennomføringsevne. For oss er personsentrert omsorg og fagleg utvikling ein naturleg del av kvardagen, og vi forventar at du deler dette engasjementet Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar - stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen. Intervju vert gjennomført og referansar frå siste arbeidsstadar vert sjekka Vi tilbyr ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskap spennande faglege utfordringar kurs gjennom Visma og NHI forsikring- og pensjonsordning gjennom KLP funksjonstillegg på kr 5000 per år (full stilling) på fast tilsette på natt KontaktinformasjonKaroline Røvreit Flø, Einingsleiar, 94198242 Synnøve Nystøyl, Einingsleiar, +47 91 14 89 45 ArbeidsstadTeigevegen 55 6060 HAREID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommune Referansenr.: 5140989094 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 25.09.2026 Om arbeidsgiveren: GODE TENESTER - GLADE TILSETTE Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25. Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav. Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga. Jobbe hjå oss - Hareid kommune