About this role
Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring. Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings-, utviklings- og formidlingsaktivitet knytt til fleire av fagområda. Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og tre LIS. Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad i Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus. Er du nysgjerrig på spesialiteten medisinsk biokjemi? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om vikariatet og moglegheitene hos oss! Oppstart 01.01.27 eller etter avtale. Arbeidsoppgåver Vaktordning på dagtid (8-16) Vurdering og kommentering av analysar Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga Kvalifikasjonar Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi. Lege utan LIS1 kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar Teneste ved sjukehuslaboratorium kan bli vektlagd Klinisk teneste kan bli vektlagd Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2) God skriftleg dokumentasjonsevne Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk Personlege eigenskapar blir vektlagd Personlege eigenskapar Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi Du har interesse og motivasjon for forskning Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse Du kan følge opp delegerte oppgåver Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf Spesialistutdanning i medisinsk biokjemi, inkludert sideutdanning dersom behov Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKristin Viste, Einingsleiar, 55977812 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5196133474 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.01.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 09.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.