Now hiring

Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap, bioingeniør/sjukepleiar @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Helse Bergen har fått i oppdrag frå Helse Vest, på vegne av dei regionale helseføretaka, å leie eit nasjonalt arbeid med å sikre forsyningstryggleik av blod og blodprodukt i Noreg. Det er difor etablert eit koordineringssenter for blodberedskap. Norsk koordineringssenter for blodberedskap - Nokblod er lokalisert i Helse Bergen og høyrer organisatorisk til på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin. Sentrale oppgåver for senteret er å vere eit interregionalt militært-sivilt samhandlingspunkt, etablere kurs og rutinar for sivil-militær blodberedskap, drive rådgjeving rundt utarbeiding av beredskapsplanar, logistikk, retningslinjer og prosedyrar, utvikling av blodprodukt, med meir. Senteret rapporterer til det nasjonale fagdirektørmøtet med årsplan og årsrapport. Senteret søker etter ein positiv og engasjert bioingeniør eller sjukepleiar til eit vikariat som varer ut 2027. Stillinga er ei dagstilling på 37,5 timar per veke, med tiltreding snarast. Bioingeniøren /sjukeplaiar vil ta del i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretak. Dette inkludere at du skal delta som kurshaldar/instruktør lokalt og nasjonalt og delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar. Bioingeniøren/sjukepleiaren skal også utføre arbeid tilknyttet utviklings og forskningsprosjekter som gjennomføres i senteret. Stillinga vil innebere samarbeid med helseføretak i heile landet samt med militære fagmyndigheiter. Senteret samarbeider med internasjonale partnarar i Norden og andre land. Arbeidsoppgåver Delta i den daglege drifta ved senteret jamfør mandat gitt av dei regionale helseføretaka. Dette inkluderer blant anna operativ rolle som nasjonalt kontaktpunkt for blodberedskap og koordinering av sivil-militær blodforsyning i krise og krig Delta i undervisning og kursing i og utanfor regionen Delta i etablering av nødblodgivarkorps, tappestasjonar og vandrande blodbankar både sivilt og militært Bidra i senteret sin kvalitets-, innovasjons-, forskings- og utviklingsaktivitet Aktivt utoverretta aktivitet med samarbeidspartnarar Reising må påreknast Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør eller sjukepleiar Erfaring innan transfusjonsmedisin Det er ønskeleg med erfaring med tapping og intervju av blodgivarar Det er ønskeleg med erfaring med undervisning Det er ein fordel med erfaring med prosjektarbeid og forsking og kvalitetsarbeid Må meistre norsk og engelsk godt både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Personlege eigenskapar blir vektlagt Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidarar Du ivaretar dine medarbeidarar slik at alle kan ha ein trygg og god arbeidskvardag Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta, strukturert og er resultatorientert Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du toler å stå i krevande situasjonar Du viser tillit, respekt og fagleg tryggleik Vi tilbyr Lønn etter gjeldane overenskomst Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar Eit aktivt og triveleg miljø Høgt fagleg nivå Kontinuerlig faglig utvikling Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonTorunn Oveland Apelseth, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5185076048 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 01.11.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 18.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores