Now hiring

Assistent til fast helgestilling @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har to avdelingar som er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling spiseforstyrringar. Seksjonen er organisert under avdeling psykosomatisk medisin. Seksjon for alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er nær samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, og psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, psykose, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand. Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar. Seksjonen har ledig ein 15% og ein 21% fast stilling for pleieassistent med arbeid pt. i todelt turnus kvar 3.helg. Arbeidsoppgåver Psykiatrisk og somatisk oppfølging av pasientar i tråd med eksisterande behandlingsplanar Legge til rette for aktivitetar og delta i desse saman med pasientane Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift Kvalifikasjonar Student i utdanningsforløp innan sjukepleie, psykologi, medisin eller andre helsefagutdanningar er eit minimumskrav. Sjukepleiarstudentar blir oppmoda om å søke Erfaring frå helsearbeid med pasientkontakt innan geriatri/psykiatri er ein fordel Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare God IKT-kompetanse Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga spesielt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon Personlege eigenskapar Kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort Søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense Arbeider strukturert, men har samstundes evne til å vere fleksibel Vi tilbyr Eit inkluderande, tverrfagleg kollegie med spesialisert fagkompetanse Kurs i MAP (møte med aggresjonsproblematikk) Moglegheit for oppbygging av unik erfaringskompetanse Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLisa Hartveit, Konst. seksjonsleiar, 41007857 ArbeidsstadHaukelandsbakken 15 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5188356632 Stillingsprosent: 15,21% Fast Søknadsfrist: 15.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores