About this role
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 800 medarbeidarar. Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift. Vi utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket. Vi har om lag 120 medarbeidarar og er delt i tre seksjonar. Seksjon for Miljøhall og Varetransport, Seksjon for Pasientportørar og Seksjon for Forsyningsportørar.Forsyningstenesta er ein intern serviceseksjon og har som hovudoppgåve å bestille og levere varer som medisinske væsker og forbruksvarer, mat og tøy til avdelingane i sjukehuset. Vi organiserer lager på avdelingar inkludert vareutplassering og haldbarheitskontroll. Seksjonen står også for henting av avfall og skittentøy samt transport av blodprodukt, prøvar, senger og utstyr. Seksjonen er organisert med seksjonsleiar, 2 driftskoordinatorar og har om lag 50 tilsette ved seksjonen.Vi søker etter ein engasjert og motivert driftskoordinator i fast 100% stilling. Driftskoordinator rapporterer til seksjonsleiar og er eit operativt bindeledd mellom drift og leiing og ein viktig bidragsytar for at seksjonen skal nå sine mål.