About this role
Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag?Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 01.11.2026.Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode.Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø. Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøetNordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass.Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din!