Now hiring

Rådgjevar studiekvalitet @ FAGSKULEN VESTLAND NORDNES

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Arbeidsoppgåver Administrere årlege undersøkingar for studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar Utarbeide datagrunnlag og analysar knytt til utvikling og kvalitetsarbeid ved skulen Koordinere og kvalitetssikre studieplanarbeidet saman med fagmiljøet Bidra i anna utviklingsarbeid ved skulen Kvalifikasjonar Høgare utdanning på universitets- og høgskulenivå. Mastergrad i samfunnsvitskaplege fag eller lignande Relevant arbeidserfaring Gode IKT kunnskapar Erfaring med innhenting, bearbeiding, analyse og framstilling av data som grunnlag for styring, planlegging, rapportering og beslutningsprosessar er ein føremon God skriftleg framstillingsevne Personlege eigenskapar Har gode samarbeidsevner Er initiativrik og sjølvstendig Nøyaktig og systematisk Vi tilbyr Hos oss får du: ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse gode moglegheiter for fagleg utvikling løn etter avtale gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar KontaktinformasjonHege Aarethun, administrasjonsleiar, +47 99509287 ArbeidsstadHaugeveien 28 5005 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5191181362 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 23.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores