Now hiring

Prorektor utdanning og samhandling @ FAGSKULEN VESTLAND NORDNES

Norway (NO0A2)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I rolla som prorektor for utdanning og samhandling vil du leie arbeidet med å utvikle Fagskulen Vestland til ein viktig institusjon i Vestland, som møter dei store nasjonale og regionale forventningane som er stilt. Fagskulesektoren er i stor endring, og det er ambisjonar om å utvikle skulen vidare som høgare utdanningsinstitusjon. Samstundes ønskjer skuleeigar å styrke skulens posisjon som den viktigaste leverandøren av etter- og vidareutdanning og yrkesretta kompetanseheving for arbeidslivet i Vestland. Fagskulane vil i løpet av dei kommande åra få moglegheit til å få større fullmaktar enn dei har i dag og vil også kunne tilby utdanningar på nivå seks og sju i det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket for livslang læring. Dette krev at instutisjonen klarar å handtere ein høg grad av autonomi samstundes som ein framstår som ein instutisjon . Krav til dialog og samarbeid både internt og ekstern er avgjerande for om Fagskulen Vestland lukkast med desse oppgåvene. Stillinga får ansvarsområde sitt knytt til Studiestadane Nordnes og Hjeltnes, og vil ha eit overordna ansvar for den pedagogiske utvikling og læringskvalitet ved aktuelle studiestadar. Prorektor skal sikre ein god samhandling mellom administrasjon og pedagogikk ved studiestadane. Arbeidsstad vert i Bergen. Arbeidsoppgåver Overordna ansvar for det pedagogiske utviklingsarbeidet Overordna ansvar for å utvikle og forbetre studentane sitt læringsmiljø Overordna ansvar for faglege kvalitetssikring av vurderingsordningar Initiere og leie arbeid med kvalitet i utdanningane Personaloppfølging av utdanningsleiarar og administrasjonsleiar Prorektor kan gå inn i staden for rektor i faglege saker etter behov Andre oppgåver kan verte lagt til stillinga Kvalifikasjonar Relevant leiarerfaring frå tilsvarende utdanningsinstitusjon, leiarerfaring frå UH - sektoren er ein føremon Relevant utdanning, samt dokumentert pedagogisk kompetanse God kjennskap til høgare yrkesfagleg utdanning, krav til akkreditering og nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring God kjennskap til kompetansebehov i regionen er ønskeleg Erfaring frå strategisk utviklingsarbeid og arbeid mot politisk nivå er ein føremon Erfaring med å leie kunnskapsorganisasjonar med høgt kompetent undervisningspersonell er ein føremon Erfaring frå partssamarbeid og arbeidstidsordningar for underviningspersonell er ein føremon Personlege eigenskapar Prorektor må kunne opparbeide seg høg grad av legitimitet i organisasjonen Prorektor må ha sterk strategisk og organisatorisk forståing, vere dyktig til å setje retning og kunne motivere og inspirere andre Det er ein styrke om prorektor har eit godt nettverk nasjonalt og regionalt og har stor arbeidskapasitet Vi tilbyr Ein spennande stilling i ein organisasjon som tilhøyrar ein sektor som er i stor utvikling Høg grad av sjølvstende og mogelegheit for å forme eiga arbeidskvardag Srategisk støttespelar for rektor Representere leiinga ved fagskulen i eksterne samanhengar Prorektor er fast medlem av leiargruppa og utfører elles dei arbeidsoppgåver som blir delegert frå rektor KontaktinformasjonTorbjørn Mjelstad, rektor , 97142081 Oddmund Klakegg, Styreleiar, 99202661, [email protected] ArbeidsstadHaugeveien 28 5005 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune Referansenr.: 5134302636 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.07.2026 Om arbeidsgiveren: Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores